top of page
84764855_106019084308572_7397032495260106752_n_edited.jpg

Leiren Laks er ei lita verksemd som handsamar kvar fiskebete med nøyaktighet og kjærleik. Her er alt basert på handarbeid slik me har lært det av generasjonane før oss.

I tidlegare tider fanga me laks og ørret frå laksegilja vår. Noko av fisken vart seld til oppkjøpar og noko vart nytta til eige bruk. Røyking av fisk var ein naturleg del av matauken og den vart sjølvsagt servert i selskap og andre festlege lag.

​

Det er kunnskapen frå "farne tider" me baserer oss på når me foredlar fisken i dag. Forfedrane våre visste godt korleis dei skulle ta vare på den dyrebare maten og dette er viktig for oss å føre vidare.

Fersk "sprakje" / einer vert nytta i røykjeprosessen. I 2013 fekk me to 3. plassar i NM for våre produkt.

I 2015 vann me Det Norske Måltid med Grava regnbueørret, og i 2019 vann me sølv i NM.

Dette meiner me vitnar om kvalitet på produkta våre. Den grava fisken vår er laga på tradisjonelt vis med bla. salt, dill og andre krydderier. Fisken vert i all hovudsak kjøpt frå lokale og gode oppdrettsanlegg.

 

Tida frå me hentar fisken til den vert bearbeida er difor kort. For oss er det viktig at fisken er ferskast mulig når me skal jobbe med den.

Det Norske MÃ¥ltid.png
Bronse.jpg
Sølvmedalje-removebg-preview.png
bottom of page