top of page
Vilkår og Betingelser for kjøp av produkt frå Leiren Laks AS

Ved å sende inn bestillingsskjema til Leiren Laks AS ("Selskapet"), godtar kunden ("Kunden") følgande vilkår og betingelser for kjøp av produkt:

1. Bestillingsprosess

Innsending av bestillingsskjema til Selskapet vert rekna som ein bindande bestilling.

Etter innsending av skjema, vil Kunden motta ein oppfølgings-e-post som stadfestar bestillinga samt informasjon om betaling, hentingstidspunkt og -stad.

2. Utlevering og Forsending

Standard utleveringsstad for produkt er ved Selskapet si adresse i Stamnes, med mindre anna er avtalt mellom Selskapet og Kunden.

Forsending av produkt må særskilt avtalast mellom Selskapet og Kunden. Ved levering pr post må bestilling komme inn seinast fredag, dersom den skal komme med forsending på mandag/tysdag. 

Grunna ferske produkt og kjølevarer med avgrensa holdbarheit må alle pakkar levert på postkontor hentast seinast 9 timar etter ankomst. Pakkar levert heim må tas imot, utan forseinkning.

3. Fakturering og Betaling

Faktura for kjøpte produkt vil bli sendt til Kunden etter at bestillinga er gjort og eventuell avklaring rundt henting eller forsending er gjennomført.

Betalingsfristen på fakturaen er normalt 14 dagar frå fakturadato.

Om ein ynskjer anna betalingsløysing må dette avtalast på førehand. 

4. Klager

Klager på produkt må rettast til Leiren Laks AS innan 7 dagar etter at produktet er motteke av Kunden.

Eventuelle klager skal innehalde ein detaljert beskrivelse av problemet og, om mogleg, bildebevis.

5. Generelle Føresegner

Selskapet forbeheld seg retten til å endre desse vilkåra og betingelsane utan forvarsel. Eventuelle endringar vil bli kommunisert til eksisterande kundar.

Ved tvist angåande forståinga av desse vilkåra, skal norsk lov gjelde.

Ved å sende inn bestillingsskjema, stadfestar Kunden sin forståing og aksept av desse vilkåra og betingelsane.

bottom of page